Lavora.

Torna alla ricerca

Lærer

Bø skule

Sede
Midt-Telemark, NO
Luogo di lavoro
In sede
Tipo di contratto
Contratto
Pubblicato
2 settimane fa
Fonte
Arbeidsplassen (NAV)
Candidati sul sito dell'azienda

Er du vår nye lærar?

Vi søkjer fagleg dyktig og engasjert lærar som ønskjer å gjere ein forskjell i elevars skulekvardag!

Bø skule er ein barneskule med 440 elevar og 70 tilsette. Vi er opptatt av å inkludere alle elevar i læringsmiljøet og å ruste elevane for livet og framtida. Vårt motto er: SKO deg for livet! SKO = Samarbeid, kontinuerleg framgang og omsorg.

Bø skule jobbar med utviklingsarbeid innan inkluderande læringsmiljø og utforskande praksis i samarbeid med USN. Skulen har fokus på praktiske og estetiske fag, i tillegg til dei grunnleggjande ferdigheitene; lesing, skriving, rekning, munnleg og digital kompetanse. Vi har dyktige tilsette som kvar dag arbeider for at elevane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø.

Vi har to ledige vikariat for skoleåret 2026-2027, med mulighet for forlengelse.

Arbeidsoppgåver

  • Undervisning

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Vi treng lærarar med udanning frå GLU 1-7, GLU 5-10, allmennlærarutdanning eller anna godkjend lærarutdanning

Ønska kompetanse

  • Vi har behov for kontaktlærar
  • Vi har behov for kompetanse i basisfag i skulen
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. § 30, Opplæringsloven § 17-11, Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.

Personlege eigenskapar

  • er positiv og har rause haldningar
  • har gode samarbeidsevner
  • er tydeleg på klasseleiing
  • har evne til å skape eit godt læringsmiljø
  • evnar å bygge gode relasjonar med elevane, føresette, kollegar og eksterne samarbeidspartnarar
  • er fleksibel i skulekvardagen

Personlege eigenskapar vektleggast

Vi tilbyr

  • E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Monica Persen Fagerheim, Ass. rektor, +47 47299216

Arbeidsstad

Gamleveg 71

3802 Bø

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 5196274522

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 01.12.2026

Sluttdato: 31.07.2027

Søknadsfrist: 23.11.2026