Lavora.

Tillbaka till sökningen

Barne- og ungdomsarbeider

Longva barnehage, Haram kommune

Ort
Haram, NO
Arbetsplats
På plats
Anställningsform
Uppdrag
Publicerat
2 veckor sedan
Källa
Arbeidsplassen (NAV)

Longva barnehage ligg flott til midt på øya på Flemsøy/Skuløy. Barnehagen har naturen tett på, med gode høve til turar i skog, fjell og fjøre, som vi nyttar heile året til utforsking, leik og læring.

Longva barnehage vart ny kommunal barnehage i Haram 1. august 2025, og har i dag 21 barn frå 1-5 år, og ei personalgruppe med god fagleg kompetanse.

Longva barnehage har behov for ein vikar i 60 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar. Vi søker deg som er trygg og engasjert, og som set barnet sitt beste i sentrum og bidreg til fellesskap, trivsel og kvalitet i barnehagen. Det er viktig at du både kan arbeide sjølvstendig og vere ein god lagspelar. Hos oss får du høve til å vere med og skape ein trygg og utviklande kvardag for barna. Har du ikkje fagbrev, men anna relevant erfaring med arbeid med barn, så er det berre å søkje!

Haram kommune er ein ambisiøs kommune som har fokus på gode, heilskaplege tenester. Vi jobbar fleksibelt og på tvers for å skape kvalitet for innbyggjarane våre – og vi spelar kvarandre gode.

Arbeidsoppgåver

  • Gi omsorg, støtte og vere lyttande i møte med kvart enkelt barn
  • Medansvar for utvikling av det sosiale miljøet, og lærings- og danningsmiljøet i barnegruppa
  • Bidra til at kvart enkelt barn får medverke og oppleve positiv grensesetting, både enkeltvis og i gruppe
  • Bidra i planlegging, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet på avdelinga, innanfor gjeldande lovverk og rammene ein har blitt einige om
  • Delta aktivt i barnehagen sitt endrings- og utviklingsarbeid
  • Omsette teoretisk kunnskap til praksis og ta fagleg initiativ i det daglege arbeidet
  • Gjennomføre systematisk observasjon som grunnlag for planlegging og gjennomføring av aktivitetar
  • Bidra til godt foreldresamarbeid gjennom å vere lyttande og vise forståing og respekt

Kvalifikasjonar

  • Ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar og erfaring frå barnehage, men dette er ikkje

eit krav

  • Levere godkjent politiattest av nyare dato
  • Ha gode norskkunnskapar. Personar med eit anna førstespråk enn norsk eller samisk, må fylle

språkkrav, jamfør Barnehagelova §27

  • Jobbe i tråd med Haram kommune sine retningsliner

Personlege eigenskapar

  • Vere løysingsorientert, fleksibel og open for endring
  • Jobbe sjølvstendig
  • Vere ein pådrivar både i det praktiske og det faglege arbeidet
  • Halde deg oppdatert på det som skjer på eigen arbeidsplass og elles vere fagleg oppdatert
  • Jakte på nye idear og vise vilje til nyskaping
  • Vere bidragsytar på personalmøte og planleggingsdagar og i oppfølging av kurs
  • Reflektere over eige arbeid og søkje rettleiing ved behov
  • Syne handlekraft, organisere og ta avgjerder med barna sitt beste i fokus
  • Sette seg personlege mål og vere synleg i gruppa
  • Vere ein aktiv, leiken, engasjert og trygg vaksen
  • Samarbeide med andre tilsette og eksterne samarbeidspartnarar
  • Halde tidsfristar, møte presis på jobb og vere klar når vakta startar
  • Vere ein god rollemodell, ein inkluderande medarbeidar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Personlege eigenskapar og gode referanser vil bli vektlagt
  • Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju

Vi tilbyr

  • Eit utviklingsorientert, fagleg miljø og stimulerande omgjevnader
  • Løn etter gjeldande tariff
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Reidunn Rogne Flem, Styrar, 99526013, reidunn.rogne.flem@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Øvstevegen 212

6293 Longva

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgivar: Haram kommune

Referansenr.: 5189649589

Stillingsprosent: 60%

Vikar

Startdato: 02.11.2026

Sluttdato: 18.07.2027

Søknadsfrist: 26.10.2026

Liknande jobb