Lavora.

Torna alla ricerca

Ferievikarar - helsesekretær/sekretær

Serviceseksjonar i Helse Førde

Sede
Stad, NO
Luogo di lavoro
In sede
Tipo di contratto
Contratto
Pubblicato
1 settimana fa
Fonte
Arbeidsplassen (NAV)
Candidati sul sito dell'azienda

Serviceseksjonane i Helse Førde søkjer ferievikarar som helsesekretær/sekretær sommaren 2027.

Vi har behov for ferievikarar ved sengepostar, poliklinikkar, sentralbord og resepsjon i Førde, Nordfjordeid og Lærdal.

  • Arbeidsperiode: 14.06.2027 - 15.08.2027. Dersom du kan starte tidlegare, er det også av interesse.
  • Søkjarar som kan jobbe heile perioden vil bli prioritert.

Arbeidstida er for dei fleste arbeidsstadane innanfor tidsrommet kl. 07.30 - 15.30.

I søknaden må du opplyse om kva periode du kan arbeide, og kva arbeidsstad du ønskjer å jobbe ved (Førde, Nordfjordeid eller Lærdal).

Kontaktinformasjon:

  • Seksjonsleiar Kirurgisk serviceseksjon Førde : Gitta Sas - tlf 482 33 391
  • Seksjonsleiar Medisinsk serviceseksjon Førde: Belvira Omic - tlf 995 91 403
  • Seksjonsleiar Serviceseksjon Nordfjord: Lisbeth Skipenes Andersen - tlf 911 85 844
  • Seksjonsleiar Serviceseksjon Lærdal: Hanne Kristina Ødegård - tlf 906 86 438
  • Seksjonsleiar Serviceseksjon Psykisk helsevern: Beathe Monica Solheim - tlf 971 53 587
  • Avdelingssjef Medisinsk sekretærteneste: Hanne I. Emberland Bildøy - tlf 996 10 528

Arbeidsoppgåver

  • Telefoni
  • Resepsjon
  • Pasientadministrative oppgåver i sengepost og poliklinikk

Kvalifikasjonar

  • Helsesekretærutdanning er ein fordel, men erfaring som sekretær/erfaring frå helsesektoren kan kompensere for formell utdanning
  • Erfaring frå arbeid i pasientsystemet DIPS og Sectra og kjennskap til medisinsk terminologi er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Må meistre norsk godt, både munnleg og skriftleg
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse (Windows operativsystem og Office)

Personlege eigenskapar

  • Serviceinnstilt
  • Sjølvstendig og ansvarsbevisst
  • Nøyaktig og løysingsorientert
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Samarbeider godt med andre, deler kunnskap og erfaring

Personlege eigenskaper vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Relevant opplæring

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kontaktinformasjon - sjå ovanfor

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5203066485

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 14.06.2027

Sluttdato: 15.08.2027

Søknadsfrist: 28.02.2027