Lavora.

Tillbaka till sökningen

IKT- konsulent laboratoriemedisin

Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank, Helse Møre og Romsdal HF

Ort
Ålesund, NO
Arbetsplats
På plats
Anställningsform
Heltid
Publicerat
1 vecka sedan
Källa
Arbeidsplassen (NAV)

Vil du bli vår nye kollega?

Klinikk for diagnostikk har ledig stilling som IKT-konsulent innan laboratoriemedisin.

Stillinga er i dag organisert i Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank. Den som vert tilsett skal arbeide tett saman med den andre IKT-konsulenten i Klinikk for diagnostikk og ha oppgåver i alle laboratoria i klinikken som er medisinsk biokjemi og blodbank, medisinsk mikrobiologi og patologi.

Laboratoria i Helse Møre og Romsdal nyttar Helseplattforma (HP) sitt laboratoriedatasystem Beaker (medisinsk biokjemi og medisinsk mikrobiologi), Sympathy (patologi) og Prosang (blodbank).

Stillinga inngår i eit team som ivaretek IKT-systema både for laboratoria i Helse Møre og Romsdal og regionalt i Helse Midt-Norge, og vil samarbeide tett med fagmiljøa på laboratoria, på tvers av helseforetaka og med dei regionale IKT leverandørane Helseplattforma og Hemit.

Arbeidsoppgåver

  • Uttrekk av rapportar og statistikk frå HP, både månadlege oppgåver og på forespørsel.
  • Oppfølging av ulike arbeidsprosessar knytta til fakturering, refusjonar, ordrer knytta til regnskapssystem og oppfølging av utbetalingsvedtak mottatt frå Helfo
  • Oppfølgingar av all elektronisk svarrapportering
  • Vere involvert opp mot leverandørar ved installering av instrument og mellomvareprogram
  • Vere involvert med bestillingar og oppkoblingar av IKT-utstyr
  • Koordinere oppgåver mellom laboratoriet og andre fagfelt, leverandørar og andre interessentar
  • Vere ein sentral innmeldar til HP og vere IKT-utstyrsbestillar
  • Oppgåver innan Beaker/HP kan bli tillagt
  • Andre aktuelle IKT-oppgåver i klinikken
  • Noko reise mellom sjukehusa vil vere aktuelt

Kvalifikasjonar

  • IKT-kompetanse med erfaring frå spesialisthelsetenesta er ønskeleg, og kandidatar med bioingeniørbakgrunn vert spesielt oppfordra til å søke
  • Erfaring og kjennskap til informasjonsteknologi og laboratorieinformasjonssystem (LIMS) vil bli vektlagt
  • Tilleggsutdanning innan IKT eller tilsvarande vil bli vektlagt
  • Kjennskap og erfaring frå ulike IKT-program, til dømes Excel, Power BI og andre
  • Ønskeleg med kompetanse innan statistikk og sjukehusøkonomi
  • Erfaring med prosjektarbeid og prosjektleiing er ønskeleg
  • Må beherske norsk og engelsk munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert, målretta og løysingsorientert
  • Du har gode samarbeids- og formidlingsevner
  • Du har interesse for å setje deg inn i nye områder og vidareutvikle eigne kunnskapar
  • Du har gode samarbeidsevner og forståing for tverrfagleg arbeid
  • Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling i eit fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement
  • Eit inkluderande og utviklingsorientert arbeidsmiljø
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid i eiga avdeling, i helseforetaket og regionalt.
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Marie Nora Roald, Avdelingssjef, +47 41570968

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5192697816

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.11.2026

Liknande jobb