Likar du å jobbe med barn ?
Suldal kommune Kjølvikstølen barnehage
- Ort
- Suldal, NO
- Arbetsplats
- På plats
- Anställningsform
- Heltid
- Publicerat
- 3 veckor sedan
- Källa
- Arbeidsplassen (NAV)
Suldalsbarnehagane er fem ulike barnehagar, - frå mindre barnehagar med minstetal 6 plasser, til oppvekstsenter og større einingar med over 80 plasser - alle med sine eigne kvalitetar.
Kjølvikstølen barnehage ligg midt på Ropeidhalvøya i Grendahuset sitt bygg. Me har fin uteplass kor born kan utfordre seg i ujevnt terreng. Fint miljø rundt, mykje skog og fin natur, tilgang til strand og gardar i nærmiljø.
Me jobbar saman mot målet:
- «Alle barn og unge i Suldal skal kvar dag oppleva meistring i eit inkluderande og trygt oppvekstmiljø som fremjar livslang læring»
- Som pedagog hos oss jobbar du tett på borna, kollegaene og lokalsamfunnet. Du ser raskt verknaden av arbeidet ditt, og du er med på å påverka kvardagen til barn og unge i Suldal.
Om stillinga:
- Stillingsstorleik: 100%
- Stillingtype: Fast
- Stilling ledig frå: Snarast
Arbeidsoppgåver:
- Leiing og organisering på avdelingsnivå, i samsvar med mål og strategiar.
- Møtedeltaking.
- Ansvar for utvikling av barnehagen, fagleg og kvalitativt.
- Rettleiing av det pedagogiske personalet på avdelinga.
- Samarbeid med ulike instansar.
- Ansvar for vurdering og dokumentering.
Er du klar? Me treng deg!
Kven ser me etter?
- Du har godkjent barnehagelærarutdanning.
- Du planlegg og gjennomfører aktivitetar som vekker nysgjerrigheit, motivasjon og utvikling hos borna.
- Du bidreg til eit inkluderande og støttande miljø. Du jobbar for at alle born blir sett og får støtte til å utvikla seg.
- Du er god på å variere metodar og er løysingsorientert, slik at ulike behov blir møtt.
- Du samarbeider godt med kollegaer, føresette og andre.
- Du er engasjert i borna sin kvardag og deltek aktivt i barnehagen sine faglege og sosiale aktivitetar. Du tenker at saman skapar me eit positivt barnehagemiljø.
Kraftlaget – kva får du hos oss?
Arbeidsmiljø
Velferdsutvalet arrangerer fast sommarfest, kom-i-form-konkurransar, og fjellturar. Dei arrangerer og andre samlingar innimellom, og du kan då blant anna bli med på middag, kurs, kino eller foredrag.
Dette er frivillige aktivitetar, men gir gode moglegheiter for å bli kjent med kollegaer i heile Kraftlaget.
Fleksibilitet og kvardagsliv
Me gir ekstra lønnstillegg til pedagogar og prøver å vere fleksible for tilsette med faste arbeidsplanar, særleg ved behov knytt til familie og livssituasjon.
- Pedagogisk leiar i barnehage under 10 års ansiennitet: 30 000 kroner
- Pedagogisk leiar i barnehage 10 års ansiennitet: 32 000 kroner
- Pedagogisk leiar i barnehage 16 års ansiennitet: 37 000 kroner
Utviklingsmoglegheiter
Me har ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving, både internt og gjennom regionale fagnettverk.
Bu i Suldal
Dersom du bur i Suldal kan du få sletta deler av studielånet ditt.
Du kan og pøvebu i ein av våre nye rekrutteringsbustadar.
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Bedriftshelseteneste
- Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarliste
Velkomen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Liknande jobb
-
Har du lyst til å jobbe med boliglån?
Statens pensjonskasse, Oslo, NO
I dag -
Vil du bidra til å styrke sikkerheten i en virksomhet med stor betydning for samfunnssikkerheten?
Tolletaten, Oslo, NO
I dag -
Er du helsefagarbeider eller pleiemedhjelper og ønsker å jobbe ved ulike avdelinger i OUS? Personalformidling søker flere ekstravakter
Oslo sykehusservice, Administrative fellesfunksjoner, Personalforvaltning, Personalformidling Ekstravakt, Oslo universitetssykehus HF, Oslo, NO
I dag -
Vil du være med å drifte Norges kampflybase? Bli driftstekniker mekaniker på Ørland!
Forsvarsbygg eiendomsforvaltning region vest, Ørland, NO
I dag -
Vil du være med å skape Norges beste kulturopplevelser?
Kulturproduksjon, Lørenskog kommune, Lørenskog, NO
I dag