Ønskjer du ein variert arbeidskvardag med menneske og fag i sentrum?
Nav Øygarden
- Ort
- Øygarden, NO
- Arbetsplats
- På plats
- Anställningsform
- Heltid
- Publicerat
- 1 vecka sedan
- Källa
- Arbeidsplassen (NAV)
Nav Øygarden held til i moderne og trivelege lokale sentralt på Straume. Vi er om lag 80 engasjerte medarbeidarar fordelt på fire avdelingar som kvar dag jobbar for å gi gode og heilskaplege tenester til innbyggjarane i kommunen. Hos oss får du dyktige kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø og moglegheit til både fagleg og personleg utvikling.
No har vi ledig ei spennande stilling som rettleiar i Avdeling Tenesteavklaring.
Dette er ei variert stilling der du får arbeide med saksbehandling, kartlegging og oppfølging av menneske i ulike livssituasjonar. Du vil møte problemstillingar som krev både fagleg vurderingsevne, samarbeid og gode relasjonelle ferdigheiter. Gjennom arbeidet får du bidra til at fleire kan kome i arbeid og aktivitet, samstundes som du er med på å sikre viktige velferdsrettar.
Kva går jobben ut på?
- saksbehandle søknader om arbeidsavklaringspengar
- klagehandsaming
- vurdere vilkår for sjukepengar og andre problemstillingar knytte til sjukefråværsoppfølging
- kartlegging og vurdering etter NAV-lova § 14 a
- oppfølging og rettleiing av brukarar
- samarbeid og kontakt med andre instansar i NAV
- bidra til fagleg utvikling og kompetansedeling
- delta i vaktordninga for drop-in-mottaket
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- fullført utdanning på minimum bachelornivå, fortrinnsvis innan jus eller samfunnsfag. Relevant erfaring og/eller kompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
- erfaring frå offentleg forvaltning
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- god digital kompetanse
Det er ein fordel om du har
- erfaring med saksbehandling
- erfaring med oppfølging og rettleiing av brukarar
Kven er du?
- du er løysingsorientert og har god evne til å gjere faglege vurderingar
- du møter ulike menneske på ein trygg, respektfull og profesjonell måte, også når situasjonen er krevjande
- du arbeider strukturert og held oversikt i ein travel arbeidskvardag
- du klarer å omstille deg mellom ulike oppgåver, situasjonar og menneske
Kvifor velje oss?
- meiningsfylt oppgåver innenfor eit viktig samfunnsområde
- gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- moderne og helsefremmende kontorlokale (ABW - aktivitetsbasert arbeidsplass)
- fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og mogelegheit for trening i arbeidstida
- stilling som rettleiar i stillingskode 1434, med lønnsspenn frå kr. 639.000 til kr. 660.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare lønn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Nina Susanne Andersen, Nav leiar, 971 69 980, nina.andersen@nav.no
Arbeidssted
Grønamyrvegen 18
5353 Straume
Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgiver: Nav
Referansenr.: 5194472860
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2026
Liknande jobb
-
Er du helsesykepleier og har lyst på nye og spennende utfordringer i arbeid for barn og unge
Barne- og familietjenesten i Fyllingsdalen og Laksevåg, Bergen kommune, Bergen, NO
I dag -
Vil du bidra til å styrke sikkerheten i en virksomhet med stor betydning for samfunnssikkerheten?
Tolletaten, Oslo, NO
I dag -
Ser du etter en stilling med utviklingsmuligheter og gode kolleger?
Tingstad Emballasje AS, Oslo, NO
I dag -
Trives du med fysisk arbeid og høyt tempo? Vi søker ekspedisjonsmedarbeider
Pecus AS/avd Oslo, Oslo, NO
I dag -
Vil du bidra med teknisk support i politiet?
Politiets IT-enhet, Alta, NO
I dag