Lavora.

Tillbaka till sökningen

Seniorkonsulent (vikariat)

Universitetet i Bergen

Ort
Bergen, NO
Arbetsplats
På plats
Anställningsform
Uppdrag
Publicerat
I dag
Källa
Arbeidsplassen (NAV)

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgASeniorkonsulent ved HR-avdelinga

HR-avdelinga ved Universitetet i Bergen ønskjer deg velkomen til å søkje eit vikariat som seniorkonsulent ved Seksjon for HR-fellestenester. Tiltreding er så snart som mogeleg og vikariatet varar fram til 1. juli 2027.

Avdelinga leverer mellom anna HR-tenester til Fakultet for Kunst, musikk og design, Det juridiske fakultet og sentraladministrative einingar. Vi ser etter ein medarbeidar som ønskjer å vere med å bidra til god sakshandsaming og rådgjeving på HR-feltet.

HR-avdelinga si oppgåve er å yte HR-fagleg service til leiinga og tilsette. Rekruttering utgjer ein stor del av stillinga, dette krev tett samarbeid på alle trinn i prosessen. I tillegg er det andre personaladministrative oppgåver som å følgja opp ulike førespurnadar frå leiarar, tilsette, og søkjarar på arbeidsfeltet.

Arbeidsoppgåver:

  • Sakshandsaming og rådgjeving i rekrutteringsprosessar frå utlysing til tilsetting
  • Leiarstøtte innan HR og personaladministrativ sakshandsaming
  • Sakshandsaming innan personalforvaltning og personaladministrasjoni henhold til lov- og avtaleverk i staten
  • Utvikling og kvalitetssikring av HR-prosessar

Administrasjonsoppgåvene ved UiB er under kontinuerleg utvikling, og oppgåvene kan difor verte endra.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Utdanning på minimum bachelorgradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Du bør ha relevant erfaring frå HR- og personalområdet
  • Du bør ha god kjennskap til statleg forvalting og regelverk
  • God digital kompetanse
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Kjennskap til UH-sektoren er ein føremon

Vi søkjer ein medarbeidar som:

  • Har stor grad av sjølvstende i arbeidet, og er ansvarleg og løysingsorientert
  • Har gode kommunikasjonsferdigheiter og trivst i møte med mange ulike menneske
  • Arbeider nøyaktig og systematisk, og har evne til å prioritere
  • Trivst med høgt arbeidstempo og mange parallelle oppgåver
  • Har ei god serviceinnstillingog er raus og inkluderande

Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

Vi kan tilby:

  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i årsløn kr. 615 000 - 645 000 i det statlege lønsregulativet, avhengig av tenesteansiennitet og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

  • Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: fungerande seksjonsleiar, Ingrid Christensen, epost: Ingrid.Christensen@uib.no tlf.: 55584759.
  • Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
  • Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.

Liknande jobb