Ambulerende skipsfører
Fjord1 - Maritim Drift
- Ort
- NO
- Arbetsplats
- På plats
- Anställningsform
- Heltid
- Publicerat
- 2 veckor sedan
- Källa
- Arbeidsplassen (NAV)
Skipsførarstilling for deg som ønsker ein variert og fagleg utfordrande kvardagI denne rolla vil du vere utsjekka på både rutegåande og- reservefartøy, og du vil tenestegjere på ulike samband i Nordfjord, Sunnfjord og Ytre Sogn. Når du ikkje er på rutegåande fartøy bidrar du til forefallande arbeid på reservefartøya Sognefjord, Gulen og Bjørnsund. Du får dermed ein unik moglegheit til å byggje brei kompetanse på ei rekke ulike fartøy og samband. Dersom du har interesse for manøvrering og navigasjon anbefalar vi deg å søke.
Sjølv om du vert tilsett og mønstra som skipsførar, vil du også tjenestegjere som dekkssjef ved behov. Sjølv om du tjenestegjer som dekkssjef vert du lønna som skipsførar. Du arbeider dag, natt eller døgn alt etter kva rute du tjenestegjer i.
Skiftordninga er 14 dagar på, 14 av. Det er 71 timer per veke i skiftplanen, og det du arbeider over 71t vert overtid.
Fjord tilbyr attraktive velferdsordningar, konkurransedyktige vilkår og pensjonsordningar. Det er også egne avtalar for dekking av reise for ambulerande tilsette.
Det er ein fordel om søkar bur i Nordfjord, men ikkje eit krav. Det er mogleg å bu om bord i vaktperiode.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid etter tilhøyrande stillingsinstruks for stillinga du tjenestegjer i (skipsførar eller dekkssjef). Særskilt fokus på:
- Sikkerheitstyring
- Energileiing
- Operativ sikkerheit
- Personsikkerheit og HMS
- Leiing
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat.
- GMDSS/ROC-sertifikat.
- Krise- og passasjerhandtering.
- Gyldig helseerklæring.
- Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig.
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsforskrifta.
Personlege eigenskapar
- Vi leitar etter ein dyktig skipsførar med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lønn etter avtale mellom NHO Sjøfart og NSOF. Fjord1 har også ei eiga fastlønnsavtale i tillegg til tarifffesta grunnhyre.
- Tilsetting i eit solid og anerkjent selskap.
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
- Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter og gode rabattordningar.
- Skiftordning: 71t avtale, 2 veker på og 2 veker.
Kontaktinformasjon
Jonas Hovland, Rekrutteringsrådgiver, +47 90210232, jonas.hovland@fjord1.no
Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgivar: Fjord1 - Maritim Drift
Referansenr.: 5194064773
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2026
Liknande jobb
-
Vil du være med å utvikle ambulerende tjenester med nærhet til base?
Sandefjord kommune Mobakken / Sverstad, Sandefjord, NO
3 dagar sedan -
Helsefagarbeider/ studenterhelsefaglig høgskoleutdanning i fast helgestilling ved Biri ambulerende tjeneste
Gjøvik kommune Hjemme og korttidstjenester, Gjøvik, NO
6 dagar sedan -
Studentstilling 13-19% fast helg Helgestilling miljøterapeut 13-19%
Åmodt bofellesskap, Kvinesdal, NO
I dag -
Sykepleier med videreutdanning
Fleksibelt oppfølgingsteam (FOT), Oslo kommune, Bydel Nordre Aker, Oslo, NO
I dag -
Seksjonsleder
Bo- og miljøtjenester avdeling 2, ADM, Lillestrøm kommune, Lillestrøm, NO
I dag