Byggdriftar/vaktmeister, i inntil 100% fast stilling
Gulen kommune
- Ort
- Gulen, NO
- Arbetsplats
- På plats
- Anställningsform
- Heltid
- Publicerat
- 6 dagar sedan
- Källa
- Arbeidsplassen (NAV)
Om stillinga
Gulen kommune har ledig i inntil 100% fast stilling som byggdriftar/vaktmeister, med oppstart snarast/etter avtale. Stillinga ligg til eining eigedomsforvaltning, kor me har 22,6 årsverk som hovudsakleg jobbar med bygg/eigedomsforvaltning, reinhaldsteneste, veg/samferdsel, vatn og avløp, samt prosjekt/byggeleiing innanfor fagfelta.
Stillinga har oppmøtestad ved Dalsøyra skule, men heile kommunen kan vere arbeidsområde gjennom dagen. Me ser etter ein dyktig byggdrifter/vaktmeister som trivast med fysiske arbeidsoppgåver, samt samarbeidar godt i lag med fleire, er løysingsorientert i oppgåvehandtering, pliktoppfyllande og som vert motivert av å jobbe med driftsoppgåve med eit samfunnsnyttig føremål. Dersom du har interesse for fagleg utvikling innanfor ditt felt og ynskjer å drifte våre anlegg med god kvalitet, ynskjer me å høyre frå deg.
Arbeidsoppgåver
- Drift- og vedlikehaldsoppgåver i hovudsak på kommunale bygg og uteområde
- Driftsoppgåver på andre fagområder på eininga kan vere aktuelt å delta på
- Utføre eigne vedlikehaldsoppgåver, samt ha dialog med eksterne firma
- Internkontrollar og avviksrapportering/utbetringar
- Bruke driftssystem som SD-anlegg og FDV-system
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- Fagbrev innanfor relevant fagområde (byggdriftar, røyrleggar, tømrar, elektro, mekanisk, anleggsgartnar o.l.)
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- Ynskjeleg med relevant arbeidserfaring frå arbeidslivet
- Har grunnleggande datakunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Krav om førarkort kl B
- Det vert stilt krav om gyldig politiattest av den som får tilbod om denne stillinga
Personlege eigenskapar
- Evne til å raskt sette seg inn i nye problemstillingar
- Kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Er strukturert, systematisk og leverer arbeid av god kvalitet
- Er løysingsorientert, fleksibel og sørvisinnstilt
- Har gode samarbeidsevner og er ein god lagspelar
- Er initiativrik og likar å halda seg fagleg oppdatert
- Trivst med fysisk arbeid
- Å vere personleg eigna vil verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Det er gode forsikrings- og pensjonsordningar i kommunen
Liknande jobb
-
Kveldsjobb i Kristiansand: Møtebooker – fast 200 kr/t + inntil 500 kr bonus hver dag
AT Ventilasjon AS, Kristiansand, NO
I dag -
Kveldsjobb i Oslo: Møtebooker – fast 250 kr/t + inntil 500 kr bonus hver dag
AT Ventilasjon AS, Oslo, NO
I dag -
Vi søker to engasjerte barnehagelærere til en fast stilling og ett vikariat.
Holmestrand Montessoribarnehage, Holmestrand, NO
I dag -
Trivelig mann i 60-årene søker assistenter som kan bistå i hverdagen!
Mio BPA, Oslo, NO
I dag -
Engasjert og hjertevarm pedagogisk leder i svangerskapsvikariat
Hoppensprett Skogmo As, Ullensaker, NO
I dag