Eksamenskonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
Universitetet i Bergen
- Ort
- Bergen, NO
- Arbetsplats
- På plats
- Anställningsform
- Heltid
- Publicerat
- I dag
- Källa
- Arbeidsplassen (NAV)
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgAFørstekonsulent
Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei stilling som eksamenskonsulent (førstekonsulent) ved Det samfunnsvitskaplege fakultet.
Vi søkjer ein strukturert, positiv og omgjengeleg medarbeidar som vil vere med å bidra til utvikling av eit godt studiemiljø ved fakultetet. Stillinga er tilknytt Institutt for økonomi, men arbeid ved andre institutt kan verte aktuelt.
For meir informasjon om fakultetet viser vi til: http://www.uib.no/svf/
Arbeidsoppgåver:
- Planlegging og gjennomføring av eksamen
- Kontakt med interne og eksterne sensorar
- Sakshandsaming og studentrettleiing i forbindelse med eksamen
- Inngå i eksamensnettverk og studienettverket ved fakultetet og dei lokale studiemøta ved institutta
- Anna studieadministrativ sakshandsaming etter behov.
Andre arbeidsoppgåver innan studiefeltet kan verte aktuelt.
Dei som vert tilsett vil måtte rette seg etter dei retningslinjer som for ein kvar tid gjeld for stillinga.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Bachelorgrad. Relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning
- Erfaring med eksamens- og studieadministrativt arbeid
- God administrativ IT-kompetanse. Erfaring med bruk av Felles Studentsystem, og kjennskap til universitetet sine øvrige administrative system
- God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Trivst med detaljarbeid
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og nøyaktig
Ved intervju vil det bli lagt vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.
Vi tilbyr:
- Eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt.
- Faglege utfordringar med gode høve for personleg vekst og kompetanseutvikling.
- Årsløn som førstekonsulent (kode 1408) mellom kr 560 000 – 600 000,- ut frå kvalifikasjonar. Noko høgare løn kan vurderast for spesielt godt kvalifiserte søkjarar.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Generell informasjon:
- Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å kontakte administrasjonssjef Marianne Bø Larsen, marianne.bo@uib.no.
- Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
- Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her.
Liknande jobb
-
Vil du bruke jussen til å styrkje rettane til barn og unge?
Statsforvaltaren i Vestland, Sogndal, NO
I dag -
Bli en Human Influencer!
Bjølsenhjemmet, Oslo, NO
I dag -
HR-rådgiver
Norlandia Barnehagene, Oslo, NO
I dag -
Platform Engineer, Telenor
Telenor Norge AS, Fornebu, NO (hybrid)
I dag -
Fysioterapeut i den lilla kommunen med det stora utbudet
Eda kommun, Eda, SE
I dag