Kontrollingeniørar til E16-oppgradering av Lærdalstunnelen
Statens vegvesen
- Ort
- Lærdal, NO
- Arbetsplats
- På plats
- Anställningsform
- Heltid
- Publicerat
- I dag
- Källa
- Arbeidsplassen (NAV)
Om stillinga
Vi er no i gang med å supplere byggherreorganisasjonen som skal stå for oppgradering av verdas lengste vegtunnel. Dette er eit spennande og krevjande prosjekt med ei kostnadsramme på 2,6 milliardar og ei byggetid på 3 år.
Den korte byggetida fordrar at det blir jobba på mange frontar, og med mange fag samstundes. Dette set store krav til ein godt gjennomtenkt plan for gjennomføring, og god logistikk.
Vi treng ein breitt samansett byggherreorganisasjon til å følgje opp entreprenøren sitt arbeid. Her vil du møte utfordringar når det gjeld sprenging og sikring av sprakefjell, trafikkavvikling, ventilasjon, VA-anlegg, trekkerøyrsanlegg, samhandling med andre aktørar, logistikk og betongkonstruksjonar.
Anleggsarbeida startar 16. november.
Vi ser etter kontrollingeniørar og geolog, helst med brei erfaring frå bygg og anlegg, men nyutdanna må også gjerne søke. Kontrollingeniørstillingane våre gir brei innsikt i anleggsfaget og gir godt grunnlag for vidare utvikling. Stillingane som kontrollingeniør vil gi deg varierte og utfordrande arbeidsoppgåver, i eit prosjekt med høg aktivitet på mange frontar. Er du geolog, er dette eit prosjekt med krevjande fjellforhold, der ein må forvente høge bergspenningar og sprakefjell.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåver og ansvarsområde for stillinga:
- Følgje opp utført arbeid, og sikre kvalitet og dokumentasjon
- Delta i HMS og miljøarbeid
- Følgje opp trafikkavvikling og stengeprosedyrar
- Rapportere til byggeleiar
Som geolog vil du i tillegg kartleggje og dokumentere fjell og sikring.
Stillinga inneber ein del skiftarbeid inkludert nattarbeid.
Omvend referansesjekk
Vart du nysgjerrig på denne stillinga og lurar du på korleis det er å jobbe hos oss? Ring gjerne prosjektleiar Susanne Svardal på telefon: +47 951 91 86.
Kvifor skal du velja oss?
Som tilsett i Statens vegvesen blir du ein del av eit solid og kunnskapsdelande fagmiljø. Hos oss får du mange moglegheiter gjennom å bli ein del av ei landsdekkjande, solid og viktig verksemd. Samtidig er det også opp til deg å bidra til rørsle og kontinuerlig utvikling – både for deg sjølv og for oss.
Vi jobbar for alle – for deg og meg – og har ein reell påveknad på folks kvardag. Du får ansvarsfulle oppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling. Vi tek godt imot deg i eit godt arbeidsmiljø over heile landet.
Vi tilbyr deg også desse goda:
- Fleksitid og avspasering – vi veit at balansen mellom arbeid og fritid er viktig, og vi tilbyr fleksible arbeidstider.
- God pensjonsordning og lån – trygg fremtid med gode pensjonsordningar og gunstige lån.
- Trening i arbeidstida – moglegheiter for trening i arbeidstida eller støtte til treningsaktivitetar.
- Fagleg påfyll – mange moglegheiter for kurs og vidareutdanning.
- Meir om gode som tilsett på våre nettsidar: Ansattgoder | Statens vegvesen
Lønna di blir avtalt i samsvar med lønnspolitikken vår.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- Utdanning med fagbrev, fagskule, høgskule eller universitet innan bygg, anlegg, geologi, VA, konstruksjonsfag eller tilsvarande. Omfattande og relevant erfaring innanfor dei aktuelle fagområda kan kompensere for manglande formell utdanning
- Førarkort klasse B
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, då det er arbeidsspråket vårt
Det er i tillegg ønskjeleg at du har:
- Erfaring innan anelggsarbeid, men vi ønskjer også deg som er nyutdanna til å søkje
- Kjennskap til prosesskoden og kontrakt
- God digital kompetanse
Dersom du har teke heile eller delar av utdanninga di i utlandet, tilrår vi ei autorisert omsetjing av papira og godkjenningane dine frå HKDIR: Godkjenning av utenlandsk utdanning – jobb i Norge | HK-dir
Vi vektlegg motivasjon og engasjement for stillinga og samfunnsoppdraget vårt.
Personlege eigenskapar:
- Vi ser etter deg som er sjølvstendig, strukturert og engasjert, og som kommuniserer og samarbeider godt med andre. Du er fleksibel og trivst med utfordringar, høgt tempo og skiftarbeid.
- Som tilsett i Statens vegvesen er det dessutan viktig at du er tryggingsmessig skikka og har god dømmekraft, pålitelegheit og lojalitet.
Om søknadsprosessen
Krav til søknaden
Vi har gjort det enklare for deg! I staden for eit tradisjonelt søknadsbrev, ber vi deg svare på nokre relevante spørsmål. Hugs å fyll ut felta for "Utdannelse" og "Arbeidserfaring", og last opp vitnemåla dine og eventuelle attestar. Dette hjelper oss med å få eit godt bilete av bakgrunnen og kvalifikasjonane dine.
Testar og bakgrunnssjekk
For å sikre at vi finn den beste kandidaten, kan vi bruke arbeidspsykologiske testar som ein del av rekrutteringsprosessen vår. Testane gir verdifull innsikt i eigenskapane og ferdigheitene dine, og bidreg til ei rettferdig og objektiv vurdering.
Som ein del av rekrutteringsprosessen gjennomfører vi bakgrunnssjekk i samarbeid med ein ekstern leverandør. Bakgrunnssjekk skjer alltid med samtykket på kandidaten, og tilsetjing føreset godkjend bakgrunnssjekk.
Positiv særbehandling
Vi i Statens vegvesen verdset mangfald og ønskjer å skape ein inkluderande arbeidsplass. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje. Om du har ei funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil du få moglegheit for positiv særbehandling.
Søkjarlista er offentleg
Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjarliste, må du grunngi dette. Vi tek kontakt med deg dersom vi ikkje kan komme ønsket ditt i møte.
Liknande jobb
-
Liker du lukten av nystekte bakevarer? Da har vi den perfekte jobben til deg!
Dely AS Backstube Bodø, Oslo, NO
I dag -
Er du utvikler og har lyst til å være en del av et ledende fagmiljø? Vi trenger deg i Nav!
Utvikling 1, Nav, Oslo, NO
I dag -
Lyst til å utvikle deg som leder i en av Norges mest populære dagligvarekjeder?
EXTRA Bislett, Oslo, NO
I dag -
Vi søker to engasjerte barnehagelærere til en fast stilling og ett vikariat.
Holmestrand Montessoribarnehage, Holmestrand, NO
I dag -
Fagarbeider/assistent søkes til Slåstad barnehage
Slåstad Barnehage Sa, Sør-Odal, NO
I dag