Lavora.

Tillbaka till sökningen

Rådgivar - helsepedagogikk og digital tjenesteutvikling

Avdeling for helsekompetanse

Ort
Haugesund, NO
Arbetsplats
På plats
Anställningsform
Heltid
Publicerat
4 dagar sedan
Källa
Arbeidsplassen (NAV)
Ansök hos företaget

Vil du vere med og utvikle framtidas pasient- og pårørandeopplæring i Helse Vest?

Regional kompetanseteneste for helsekompetanse og meistring i Helse Vest er ei nyoppretta kompetanseteneste med tilhaldsstad i Haugesund.

Vi skal bidra til å styrke helsekompetanse og pasienttryggleik innan somatikk, psykisk helsevern og rus i regionen. Gjennom fagutvikling, regionale utviklingsprosjekt og samarbeid på tvers skal vi bidra læring på tvers, redusere uønskt variasjon og motverke sosial ulikheit i helsekompetanse.

No ser vi etter ein rådgivar som vil vere med og vidareutvikle helsekompetanse til pasient- og pårørande på tvers av helseføretaka i Helse Vest. Du vil få ei variert og utviklande rolle, der du mellom anna får vere med på å utvikle og ta i bruk digitale løysingar, styrke den helsepedagogiske kompetansen og legge til rette for godt samarbeid mellom spesialisthelsetenesta, kommunane og brukarorganisasjonane.

Kva går jobben ut på?

  • Bidra til utvikling, implementering og spreiing av nye metodar, verktøy og kunnskap innan helsekompetanse, læring og meistring.
  • Bidra til samordning av pasient- og pårørandeopplæring på tvers av helseføretaka.
  • Rettleie kliniske fagmiljø i integrering av læring og meistring i pasientforløp.
  • Delta i regionale samarbeid om utvikling av digitale tilbod til pasientar og pårørande.
  • Styrke helsepedagogisk kompetanse blant helsepersonell.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha:

  • relevant høgare utdanning innan pedagogikk, helsevitskap, folkehelse, helseinformatikk eller tilsvarande
  • erfaring frå spesialisthelsetenesta eller kommunale helse- og omsorgstenester
  • erfaring med implementering, endringsleiing og/eller tenesteutvikling
  • god digital kompetanse.

Det er ønskeleg at du har:

  • kompetanse innan helsepedagogikk og/eller vaksenpedagogikk.
  • erfaring med nettverksleiing eller regionalt samarbeid.
  • erfaring med prosjekt- eller utviklingsarbeid.
  • erfaring med utvikling av e-læring, digitale læringsressursar eller læringsplattformer, og kunnskap om universell utforming og digital tilgjengeleghet.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • arbeider strategisk og heilskapleg
  • tek initiativ, ser moglegheiter og får ting gjennomført
  • trivst med å bygge nettverk og skape gode samarbeid
  • kommuniserer tydeleg og engasjerande
  • evnar å omsette fagkunnskap til praktiske løysingar

Kvifor skal du velje oss?

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Fagleg utvikling
  • Eit meiningsfylt arbeid som gir personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kjersti Tollaksen, Avdelingsleiar, +47 48 22 21 46, kjersti.tollaksen@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 134

5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5209145262

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 10.12.2026