Sjukepleiar/vernepleiar 52,11 % fast stilling på natt
Kviteseid omsorgsenter, Kviteseid kommune
- Ort
- Kviteseid, NO
- Arbetsplats
- På plats
- Anställningsform
- Deltid
- Publicerat
- 1 vecka sedan
- Källa
- Arbeidsplassen (NAV)
Vil du vere den faglege tryggleiken gjennom natta?
Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt, frå d.d.
Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, som er trygg i faglege vurderingar og som ønskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre gjennom heile døgnet. Som nattevakt vil du ha ei sentral rolle i å sikre kvalitet, pasienttryggleik og god oppfølging for bebuarane våre.
Om arbeidsplassen :
- Kviteseid omsorgssenter er ein sjukeheim med 32 plassar fordelt på fire avdelingar, inkludert nyetablert korttidsavdeling.
- Pasientgruppa er samansett og omfattar mellom anna personar med demenssjukdom, kroniske sjukdomar, rehabiliteringsbehov og behov for lindrande behandling.
- Som sjukepleiar/vernepleiar på natt har du ansvar på tvers av alle avdelingane og samarbeider tett med øvrig nattevakt for å sikre trygg og fagleg forsvarleg drift gjennom natta.
- Stillinga inngår i årsturnus med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie- og miljøterapeutisk oppfølging av pasientar på natt
- Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon
- Oppfølging av pasientar med samansette og akutte helseutfordringar
- Medikamenthandtering etter gjeldande retningslinjer
- Oppfølging av pasientar innan demensomsorg, palliasjon, KOLS og diabetes
- Bidra til ro, tryggleik og omsorg for pasientane gjennom natta
- Samarbeid med lege, legevakt og andre samarbeidspartnarar ved behov
- Rettleiing og fagleg støtte til øvrige medarbeidarar på vakt
- Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid
- Sikre god informasjonsflyt mellom natt- og dagpersonellKvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
- God digital kompetanse
- Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid
Det er ønskjeleg med erfaring frå:
- Sjukeheim eller kommunehelsetenesta
- Demensomsorg
- Korttids- og rehabiliteringsavdeling
- Palliasjon
- KOLS- og diabetesoppfølging
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
- Er fagleg trygg og sjølvstendig
- Har gode observasjons- og vurderingsevner
- Er roleg og handlingsdyktig i utfordrande situasjonar
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er strukturert og løysingsorientert
- Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omsorg
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- Fast nattstilling i 52,11 %
- Årsturnus
- Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Faglege utfordringar på tvers av fire avdelingar, samt samarbeid med heimetenestene
- Moglegheit til å utvikle kompetanse
- Intern og ekstern undervisning
- Fokus på simulering, øving og ferdigheitstrening
- Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humorKontaktinformasjon
Helene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90 21 37 57, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no
Arbeidsstad
Lundenvegen 30
3850 Kviteseid
Nøkkelinformasjon:
- Arbeidsgivar: Kviteseid kommune
Referansenr.: 5195144929
Stillingsprosent: 52,11%
Fast
Søknadsfrist: 06.11.2026
Liknande jobb
-
Vi søker to engasjerte barnehagelærere til en fast stilling og ett vikariat.
Holmestrand Montessoribarnehage, Holmestrand, NO
I dag -
På jakt etter en spennende deltidsjobb? Bli en del av Biltema Café Stavanger – 10 % stilling!
Biltema Norge, Stavanger, NO
I dag -
Kveldsjobb i Kristiansand: Møtebooker – fast 200 kr/t + inntil 500 kr bonus hver dag
AT Ventilasjon AS, Kristiansand, NO
I dag -
Kveldsjobb i Oslo: Møtebooker – fast 250 kr/t + inntil 500 kr bonus hver dag
AT Ventilasjon AS, Oslo, NO
I dag -
ID 2483 Sjukepleiar natt - Eining for institusjonar
Stord kommune, Stord, NO
I dag