Lavora.

Tillbaka till sökningen

Sør-Fron skule søkjer lærar

Sør-Fron kommune

Ort
Sør-Fron, NO
Arbetsplats
På plats
Anställningsform
Uppdrag
Publicerat
I dag
Källa
Arbeidsplassen (NAV)

Er du ein engasjert lærar på jakt etter nye utfordringar? Vil du bli ein del av kollegiet ved Sør-Fron sin splitter nye barne- og ungdomsskule?

Vi har ledig ei 100 % mellombels lærarstilling ut skuleåret, med moglegheit for forlenging.

Vi søkjer først og fremst etter allmennlærarar og grunnskulelærarar som er gode relasjonsbyggjarar, skapar eit trygt og inkluderande læringsmiljø og utøver tydeleg klasseleiing.

Har du undervisningskompetanse i norsk på ungdomssteget, og formell kompetanse og/eller erfaring innan kunst og handverk? Då kan du vere den vi leitar etter!

Velkomen som søkjar til ein ny og framtidsretta skule der du får vere med og gjere ein forskjell for elevane kvar einaste dag.

Hugs å leggje ved attestar og vitnemål saman med søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre undervisning aleine og i samarbeid med andre.
  • Vere ein bidragsytar inn i skulens profesjonelle læringsfellesskap.
  • Utføre dokumentasjonsarbeid etter gjeldande standardar.

Kvalifikasjonar

  • Tilsetjingskompetanse etter gjeldande lovverk og etter kompetansekrava for norsk (min 60 stp) på ungdomssteget.
  • Formell kompetanse og/eller erfaring innan kunst og handverk
  • Du er tydeleg, strukturert og evnar å skape gode relasjonar til omgjevnadene dine.
  • Du beherskar norsk skriftleg og munnleg svært godt.

Personlege eigenskapar

  • Du er ein tydeleg vaksen som har godt grep om klasseleiing.
  • Du er ein dyktig relasjonsbyggjar.
  • Du nyttar humor som eit naturleg verkemiddel i kvardagen.
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

Du får ein unik moglegheit til å vere med å setje ditt preg på Sør-Fron si nye storstove, med:

  • Om lag 55 dyktige kollegaer.
  • I overkant av 300 forventningsfulle elevar.
  • Kulturhus/idrettshall, badeland og bemanna skulebibliotek.
  • Moglegheit for relevant vidareutdanning for fast tilsette.

Kontaktinformasjon

Lisbeth Clausen, Avdelingsleiar Sør-Fron skule, 97665350, lisbeth.clausen@sor-fron.kommune.no

Arbeidssted

Kommunevegen

2647 Sør-fron

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgiver: Sør-Fron kommune

Referansenr.: 5201134203

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 11.11.2026

Liknande jobb