Tilkallingsvikarar til sjukeheimen og heimetenesta
Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste
- Ort
- Sogndal, NO
- Arbetsplats
- På plats
- Anställningsform
- Uppdrag
- Publicerat
- 2 veckor sedan
- Källa
- Arbeidsplassen (NAV)
Me treng fleire tilkallingsvikarar på Leikanger sjukeheim og i heimetenesta på Leikanger. Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert i å jobbe med menneske. Behovet er frå d.d., og det vil bli tilsett fortløpande.
Arbeidsoppgåver:
- Heilskapleg pleie og omsorg av heimebuande og til bebuarar på sjukeheim
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Oppfølging av ernæring
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer
- Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Assistentar, elevar/studentar innan helsefag
- Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med norsk autorisasjon
- Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Datakunnskap
- Må vere over 18 år eller fylle 18 år det året du begynner
- For stilling i heimetenesta: førarkort
Personlege eigenskapar:
- Løysingsfokusert
- Ha evne og interesse for eldreomsorg
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
- Personlege eigenskapar vil verte vektlagde
Me tilbyr:
- Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Løn etter tariff
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Link til søknadsskjema: Søk her
Liknande jobb
-
Vil du være mine øyne – og bidra til en meningsfull, variert og aktiv hverdag?
Stendi Assistanse, Oslo, NO
I går -
Vil du bidra til at teknologi og digitale løsninger fungerer godt i fremtidens helse- og omsorgstjenester?
Forebygging og rehabilitering, Bærum kommune, Bærum, NO
4 dagar sedan -
Er du opptatt av hvordan teknologi og digitale løsninger kan bidra til bedre helse- og omsorgstjenester?
Forebygging og rehabilitering, Bærum kommune, Bærum, NO
4 dagar sedan -
Vi søker to engasjerte barnehagelærere til en fast stilling og ett vikariat.
Holmestrand Montessoribarnehage, Holmestrand, NO
I dag -
Sykepleiere og vernepleiere til hjemmesykepleien i Halden
Halden kommune Helse og mestring, Halden, NO
I dag