Lavora.

Tillbaka till sökningen

Vestnes legesenter

Vestnes kommune Vestnes legesenter

Ort
Vestnes, NO
Arbetsplats
På plats
Anställningsform
Deltid
Publicerat
I dag
Källa
Arbeidsplassen (NAV)

Det er ledig 50 % fast stilling som sjukepleiar/helsesekretær ved Vestnes Legesenter.

Arbeidsoppgåver

Arbeidet på legesenteret er organisert med rotasjon på 4 arbeidsstasjonar: laboratorium, skiftestue, resepsjon og arkiv. Søkjaren må vere i stand til å arbeide på alle 4 stasjonar.

Laboratorium: prøvetaking, diverse analyser samt klargjering av prøver til sending. Ta EKG, spirometri og 24 timars blodtrykk.

Skiftestue: bistå legane i pasientbehandling og gjennomføre behandling ordinert av lege som f.eks. sårbehandling, medikamentinjeksjonar m.m.

Resepsjon: betjene sentralbord, ta imot pasientar samt handtere oppgåver som desse henvendelsane genererer.

Arkiv: svare på telefonar og utføre oppgåver i samband med dette, arkivere dokument, sortering av post samt anna førefallande kontorarbeid.

Det er tilsett bioingeniør ved legesenteret.

Kvalifikasjonar

Du må ha autorisasjon som sjukepleiar eller helsesekretær

  • erfaring frå arbeid ved legekontor er ein fordel
  • beherske norsk muntlig og skriftlig. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
  • datakunnskap
  • ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar

  • du må være faglig engasjert
  • ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • det vert vektlagt at ein er personleg eigna
  • ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i et hektisk miljø

Vi tilbyr

  • godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
  • løn i høve gjeldande avtaleverk
  • kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
  • pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot.

Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar

Oppgi referanse

Søknad

Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.

Link til søknadsskjema: Søk her

Liknande jobb