Vi søkjer barnehagelærar til Hildre Montessoribarnehage (2. gangs utlysning)
Hildre Montessoribarnehage As
- Ort
- Haram, NO
- Arbetsplats
- På plats
- Anställningsform
- Uppdrag
- Publicerat
- 3 veckor sedan
- Källa
- Arbeidsplassen (NAV)
Hildre Montessoribarnehage søkjer ein engasjert barnehagelærar i 100% vikariat. Vikariatet varer frå 01.11.2026 til mai 2027. Vi er ein liten barnehage i naturnære omgjevnader. Vil du bidra til varme og trygge dagar for barna?
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Erfaring frå barnehage
- Interesse for eller nysgjerrigheit på montessoripedagogikk
- Gode digitale ferdigheiter
- Gyldig politiattest må leverast før oppstart
Personlege eigenskapar
- Du er varm, trygg og god på relasjonar
- Du er fleksibel, løysingsorientert og engasjert -- og trivst i ein barnehage i utvikling
- Du er open, inkluderande og skapar tillit i møte med barn, foreldre og kollegaer
- Du kommuniserer godt
- Du er leiken, aktiv og likar å bruke naturen i arbeidet
- Du bidreg til eit positivt, profesjonelt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagde.
Arbeidsoppgaver
- Arbeide med barn 0--6 år i tråd med barnehagelova, rammeplanen og montessoripedagogikken
- Vere ein aktiv, leiken og observant vaksen som støttar kvart enkelt barn
- Skape ein trygg og god barnehagedag gjennom varme, leik og tydelegheit
- Planleggje og gjennomføre aktivitetar i det montessoriforbredte miljøet
- Bidra til gode lærings- og sosialmiljø i barnegruppa
- Samarbeide med kollegaer og bidra positivt i det daglege arbeidet
- Ha godt foreldresamarbeid og kommunisere tydeleg og respektfullt
- Følgje barnehagen sine rutinar, rettleiing og HMS‑prosedyrar
Vi tilbyr
- 100 % vikariat frå 1. november 2026 som barnehagelærar i eit lite og trygt miljø
- Lønn etter gjeldande tariff og gode pensjonsordningar
- Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Engasjerte og positive kollegaer, føresette og barnehageeigarar
- Naturnære omgjevnader, med fine turområde og små barnegrupper
- Høve til å bli del av eit større montessorimiljø
Det krevst godkjend politiattest før oppstart.
Liknande jobb
-
YouTube Strategist & Scriptwriter (Business Niche, USD 2-5k/month)
Impact Clients, Distans (US)
I dag -
Level 2 Support (Technical - IT & Electronics)
MicroSourcing, Distans (US)
I dag -
Corporate Communications Specialist
Florida Cancer Specialists & Research Institute, Distans (US)
I dag -
Data Analyst | Customer Journey & Attribution
Motorola Solutions, Distans (US)
I dag -
Nurse Case Manager, East
argenx, Distans (US)
I dag