Lavora.

Tillbaka till sökningen

Vi søkjer barnehagelærar til Hildre Montessoribarnehage (2. gangs utlysning)

Hildre Montessoribarnehage As

Ort
Haram, NO
Arbetsplats
På plats
Anställningsform
Uppdrag
Publicerat
3 veckor sedan
Källa
Arbeidsplassen (NAV)

Hildre Montessoribarnehage søkjer ein engasjert barnehagelærar i 100% vikariat. Vikariatet varer frå 01.11.2026 til mai 2027. Vi er ein liten barnehage i naturnære omgjevnader. Vil du bidra til varme og trygge dagar for barna?

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som barnehagelærar
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå barnehage
  • Interesse for eller nysgjerrigheit på montessoripedagogikk
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gyldig politiattest må leverast før oppstart

Personlege eigenskapar

  • Du er varm, trygg og god på relasjonar
  • Du er fleksibel, løysingsorientert og engasjert -- og trivst i ein barnehage i utvikling
  • Du er open, inkluderande og skapar tillit i møte med barn, foreldre og kollegaer
  • Du kommuniserer godt
  • Du er leiken, aktiv og likar å bruke naturen i arbeidet
  • Du bidreg til eit positivt, profesjonelt og utviklingsorientert arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar og gode referansar vil bli vektlagde.

Arbeidsoppgaver

  • Arbeide med barn 0--6 år i tråd med barnehagelova, rammeplanen og montessoripedagogikken
  • Vere ein aktiv, leiken og observant vaksen som støttar kvart enkelt barn
  • Skape ein trygg og god barnehagedag gjennom varme, leik og tydelegheit
  • Planleggje og gjennomføre aktivitetar i det montessoriforbredte miljøet
  • Bidra til gode lærings- og sosialmiljø i barnegruppa
  • Samarbeide med kollegaer og bidra positivt i det daglege arbeidet
  • Ha godt foreldresamarbeid og kommunisere tydeleg og respektfullt
  • Følgje barnehagen sine rutinar, rettleiing og HMS‑prosedyrar

Vi tilbyr

  • 100 % vikariat frå 1. november 2026 som barnehagelærar i eit lite og trygt miljø
  • Lønn etter gjeldande tariff og gode pensjonsordningar
  • Varierte, spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Engasjerte og positive kollegaer, føresette og barnehageeigarar
  • Naturnære omgjevnader, med fine turområde og små barnegrupper
  • Høve til å bli del av eit større montessorimiljø

Det krevst godkjend politiattest før oppstart.

Liknande jobb