Lavora.

Tillbaka till sökningen

Vikar - Klepp barnevernsteneste

Oppvekstsjef, Klepp kommune, Tenesteområde barn og unge

Ort
Klepp, NO
Arbetsplats
På plats
Anställningsform
Uppdrag
Publicerat
I dag
Källa
Arbeidsplassen (NAV)

Klepp barnevernteneste søker to engasjerte vikarar i 100 % stilling til arbeid med undersøkingar og oppfølging av familiar.

Hos oss får du ein meiningsfull arbeidskvardag der du arbeider tett saman med barn, unge og foreldre for å skape positive endringar. Du blir del av eit arbeidsmiljø med engasjerte og dedikerte kollegaer som er opptekne av å gi gode tenester til barn og familiar. Barneverntenesta er inne i ei spennande utvikling, der vi arbeider med å styrkje kvalitet, fagleg samarbeid og gode arbeidsprosessar. Som medarbeidar hos oss får du moglegheit til å bidra aktivt til utviklinga av tenesta og vere med på å forme vegen vidare.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling knytt til undersøking og oppfølging etter barnevernslova
  • Samtalar med barn, unge og foreldre
  • Tverrfagleg samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar
  • Kartlegging, vurdering og oppfølging av hjelpetiltak
  • Bidra til fagleg utvikling og kvalitetsarbeid i tenesta

Vi arbeider for ein kultur der ingen står aleine i krevjande saker, og der samarbeid, støtte og deling av kompetanse er ein naturleg del av kvardagen.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som:

  • Brenn for å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar
  • Har bachelor i barnevern, sosialt arbeid eller anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning
  • Er student på siste studieår og klar for å ta med deg fagleg engasjement inn i arbeidslivet
  • Kommuniserer tydeleg og skaper gode relasjonar
  • Har erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar, eller eit sterkt engasjement for feltet
  • God norskkunnskaper munnleg og skriftleg
  • Har førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

For å trivast hos oss trur vi at du:

  • Har engasjement for barn, unge og familiar
  • Skaper tillit og gode relasjonar
  • Er nysgjerrig, reflektert og fagleg interessert
  • Tek ansvar og viser initiativ
  • Handterer ein variert arbeidskvardag med både fleksibilitet og struktur
  • Ser verdien av samarbeid og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Ønskjer å vere med på å vidareutvikle tenesta våre
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.

For stillingen kreves det uttømmende og utvidet politiattest i henhold til barnevernsloven.

Vi tilbyr

  • Ei meiningsfull og variert stilling med moglegheit til å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med engasjerte og hjelpsame kollegaer
  • Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til å påverke og bidra i vidareutviklinga av tenesta
  • Rettleiing, samarbeid og erfaringsdeling i det daglege arbeidet
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon

Jette Frafjord Østrått, Leder for klepp tverrfaglige team, +47 90523005

Arbeidsstad

Olav Hålands Veg 2

4351 Kleppe

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 5199495697

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 09.11.2026

Liknande jobb