Lavora.

Tillbaka till sökningen

Vil du bli vår nye sjukepleiar ?

Sykkylven bu- og aktivitetssenter, Sykkylven kommune

Ort
Sykkylven, NO
Arbetsplats
På plats
Anställningsform
Heltid
Publicerat
2 veckor sedan
Källa
Arbeidsplassen (NAV)

Er du sjukepleiar og på jakt etter nye, spennande utfordringar?

Vil du jobbe i eit sterkt fagmiljø med gode kollegaer og utviklande arbeidsoppgåver?

Sykkylven bu- og aktivitetssenter (BUAS) sone 2, søkjer sjukepleiar i 100 % fast stilling.

Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar tredje helg, per i dag. Vi er i prosess med planer om å lage årsturnus og langvakter for den som ønsker det.

Ved å velje BUAS får du:

  • 💙 Ein variert arbeidskvardag med høg fagleg aktivitet, godt arbeidsmiljø og kollegaer som støttar og utviklar kvarandre.
  • 💙 Støtte av eiga sjukepleiargruppe som bistår avdelingane etter behov
  • 💙 Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • 💙 Tverrfagleg samarbeid og kompetansedeling
  • 💙 Dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø

Bli ein del av laget vårt! 💙

Vi ser fram til å høyre frå deg! Vi ønskjer både nyutdanna og erfarne sjukepleiarar velkomne til å søkje.

Tilsetting kan skje fortløpande.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefagleg oppfølging av pasientar med samansette behov
  • Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon
  • Medikamenthandtering og ulike behandlingstiltak
  • Rehabilitering og palliativ omsorg
  • Samhandling med pasientar, pårørande og samarbeidspartnarar
  • Tverrfagleg samarbeid med lege, fysioterapeut, ergoterapeut og andre tenester
  • Bidra til fagutvikling og kvalitet i tenesta
  • Planlegge, prioritere og gje god sjukepleie til pasientar
  • Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Beherske dei vanlegaste IKT-verktøya
  • Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR)
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Ved tilsetting kreves det tilfredsstillande politiattest, MRSA og TBC eigenerklæringer

Personlege eigenskapar

  • Vere strukturert og løysingsorientert
  • Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • Evne til å halde seg fagleg oppdatert
  • Vise fagleg engasjement
  • Motivert, serviceinnstilt og fleksibel
  • Har evne til å ta ansvar, samt nytenking og utvikling
  • Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
  • Rekrutteringstillegg til nytilsette
  • Gratis parkering

Offentlegheit

Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Kontaktinformasjon

Astrid Hammernes Strømme, Avdelingsleiar BUAS sone 2, 95947361, astrid.stromme@sykkylven.kommune.no

Wenche Oldeide, Einingsleiar BUAS, 90118218, wenche.oldeide@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugneset 16

6230 SYKKYLVEN

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgivar: Sykkylven kommune

Referansenr.: 5193009184

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 26.10.2026

Liknande jobb