Lavora.

Back to search

100% fast stilling sjukepleier eller vernepleier med vidareutdanning i rus og psykisk helse.

Vågå Kommune

Location
Vågå, NO
Workplace
On-site
Job type
Full-time
Posted
2 weeks ago
Source
Arbeidsplassen (NAV)

Om oss

Vågå kommune jobbar aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023--2033). Vi skal bidra til at fleire opplever god psykisk helse og livskvalitet, og at innbyggjarane får lett og likeverdig tilgang til hjelp. Arbeidet vårt er forankra i tre hovudområde:

  • helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid
  • gode og tilgjengelege tenester der folk bur
  • styrkt tilbod til personar med langvarige og samansette behov

Vi legg stor vekt på brukarmedverknad, heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid. Framover vil vi fortsette arbeidet med å utvikle det regionale samarbeidet innan rus og psykisk helse, og vi vil aktivt ta i bruk kunnskapsbaserte digitale verktøy i våre tilbod. Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø som set meistring, livskvalitet og inkludering i sentrum.

Ein av våre dyktige medarbeidarar går av med pensjon til våren, og vi søkjer etter ein ny kollega i god tid for å sikre ei grundig innføring i stillinga. Vi er eit engasjert kollegium med variert bakgrunn og utdanning, som jobbar med menneske som har utfordringar knytt til rus, psykisk helse og/eller livsmeistring.

Arbeidsoppgåver

  • Heilskapleg oppfølging av pasientar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar
  • Kartlegging
  • Behandling i tråd med oppgåvene til 1. linetenesta
  • Utarbeiding og oppfølging av individuelle behandlingsplanar
  • Tverrfagleg samarbeid med fastlege, heimeteneste, NAV og eksterne aktørar som t.d. DPS
  • Rettleiing og støtte til pasientar og pårørande
  • Deltaking i gruppetilbod som tur og trening, samt bidra i drift og utvikling av tenesta sitt dagsenter >
  • Deltaking og oppgåver knytt til kommunens psykososiale kriseteam

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Vidareutdanning i rus og psykisk helsearbeid
  • Erfaring frå arbeid med rus og psykisk helse er ein fordel
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert

Eigenskapar

  • Fagleg dyktig og engasjert
  • Evne til å vise omsorg og bry deg om andre menneskjer
  • Flink til å lytte og formidle kunnskap på en god og forståeleg måte
  • Fleksibel, nytenkande og løysningsorientering

Personleg eignaheit vektleggast. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.

Vi tilbyr

  • Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit triveleg miljø
  • Stor grad av tverrfagleg samarbeid
  • Gode rammer for fagleg utvikling og kompetanseheving
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn etter gjeldande tariffavtale

Vågå kommune kan vera behjelpeleg med å skaffe bolig.

Søknadsfrist: 01.03.2026

Søknader vil bli fortløpande vurdert.

Similar jobs