Lavora.

Back to search

Helsefagarbeidar

Geiranger distrikt, Stranda kommune

Location
Stranda, NO
Workplace
On-site
Job type
Part-time
Posted
Today
Source
Arbeidsplassen (NAV)

Geiranger omsorgssenter ligg vakkert til ved Geirangerfjorden, omkransa av høge, flotte fjell og er ein del av verdsarven. Her får du jobbe med trivelege, kompetente og inkluderande kollegaer som har brukaren i fokus.

Omsorgssenteret er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 9 leiligheiter. Personalet som arbeider ved omsorgssenteret yt også tenester til heimebuande ved behov. Arbeidstid etter den til ei kvar tid gjeldande turnus.

Geiranger omsorgssenter har ledig:

  • 60 % fast stilling som helsefagarbeidar frå 14.12.2026

Kvifor velge oss:

  • Vi vil gjere ein forskjell i brukarane sin kvardag.
  • Vi vektlegg fagleg tryggleik og kvalitet
  • Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte tilsette
  • God variasjon i oppgåver og utfordringar
  • Fokus på trivsel og arbeidsglede
  • Moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
  • Fokus på kompetanseheving og oppgåvedeling
  • Muligheit for vidareutdanning med støtte
  • God fastløn
  • Ved rekrutteringsutfordringar vil det blir vurdert om arb.gjevar skal dekke utgifter til husleige, heilt eller delvis, for ein tidsavgrensa periode
  • Bruk av tilleggsansiennitet kan også bli vurdert som eit rekrutteringstiltak
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Dersom du kjenner andre som har lyst til å bo og arbeide i Geiranger, viser vi til Stranda kommune sine heime- og Facebooksider og til NAV for å få oversikt over andre ledige stillingar.

Arbeidsoppgåver

  • Heilheitleg pleie, omsorg og helsehjelp til brukarane ved omsorgssenteret og heimebuande
  • Medikamenthandtering
  • Dokumentasjon
  • Tverrfaglig samarbeid og samarbeid med pårørande
  • Bidra til fagleg utvikling og ta ansvar for kompentanseheving

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå pleie- og omsorgstenester er ein fordel, men ikkje eit krav
  • Autorisasjon som helsefagarbeiar
  • Alminnelege datakunnskapar
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Personleg eignaheit vektleggast

Ved mangel på kvalifiserte søkjarar kan ufaglærte bli vurdert for midlertidig tilsetjing.

Personlege eigenskapar

  • Trygg og Omsorgsfull
  • Vise respekt i møte med brukarar og kollegaer
  • Positiv og løysingsorientert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og til å samarbeide med andre
  • Likar utfordringar
  • Interesse for faget

Vi tilbyr

I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer fra den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderar også uføre- og etterlattepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukter.

Offentleg tenestepensjon for nytilsette

Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25. Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2 % pensjonsinnskot.

Kontaktinformasjon

Elisabeth Jelle, Einingsleiar, +47 46411183

Arbeidsstad

Maråkvegen 36

6216 Geiranger

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgivar: Stranda kommune

Referansenr.: 5200475615

Stillingsprosent: 60%

Fast

Startdato: 14.12.2026

Søknadsfrist: 10.11.2026

Similar jobs