Lavora.

Back to search

Helsefagarbeidarar

Masfjorden kommune

Location
Masfjorden, NO
Workplace
On-site
Job type
Full-time
Posted
1 week ago
Source
Arbeidsplassen (NAV)

Om stillingane

Masfjorden kommune søkjer etter to helsefagarbeidarar i 100% faste stillingar frå 01.01.2027, med arbeidsstad for tida i heimetenesta.

Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.

Me ser etter deg som

  • Er helsefagarbeidarar med autorisasjon
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
  • Er fleksibel og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Er motivert til å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med på å gje dei ein stabil og god kvardag
  • Har godt humør er raus og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Kan delta i alle arbeidsoppgåver
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norskprøve B1 helsefag/B2 sjukepleie
  • Har førarkort klasse B

Søkjarar utan fagutdanning kan verte vurderte dersom dei er villige til å ta helsefagarbeidarutdanning

Me tilbyr

  • Ein interessant og utfordrande jobb saman med
  • Dyktige kollegaer
  • Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket + 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
  • Frå 2026 vil dei som bur i Masfjorden og oppfyller vilkåra få sletta 25 000 kroner av studielånet kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her

For stillingane gjeld

  • Turnus med dag og kveldsarbeid og kvar tredje helg
  • Krav om politiattest

Similar jobs