Ingeniør/senioringeniør - energi og tekniske anlegg
Nordplan As Avd Nordfjord
- Location
- Stad, NO
- Workplace
- On-site
- Job type
- Full-time
- Posted
- Today
- Source
- Arbeidsplassen (NAV)
Ingeniør / senioringeniør – energi og tekniske anlegg
Vil du jobbe med energi og tekniske anlegg, og samtidig få påverke løysingane frå tidlegfase til ferdig prosjekt?
Vi ser etter deg som vil bruke kompetansen din til å utvikle gode, gjennomførbare og energieffektive løysingar.
Hva vi ser etter
Du har relevant teknisk utdanning innan til dømes VVS, maskin, energi, miljø eller tilsvarande. Du kan vere erfaren rådgivar, eller vere tidlegare i karrieren og ønskje å utvikle deg vidare innan fagområdet.
Det er ein fordel om du har erfaring med eitt eller fleire av områda varme, kjøling, energisystem, energiberekningar eller teknisk prosjektering.
Du treng ikkje kunne alt. For oss er det viktig at du har eit godt fagleg fundament, er nysgjerrig og trivst med å finne løysingar saman med andre.
Arbeidsoppgaver
- utvikling av energi- og tekniske konsept
- prosjektering og dimensjonering av varme-, kjøle- og energianlegg
- energiberekningar og vurdering av energieffektive løysingar
- modellbasert prosjektering og tverrfagleg koordinering
- rådgiving og dialog med kundar, entreprenørar og leverandørar
- oppfølging av prosjekt frå tidlegfase til detaljprosjektering og gjennomføring
Oppgåvene blir tilpassa erfaringa og kompetansen din. Har du interesse for kundekontakt, prosjektansvar eller fagutvikling, er det også mogleg å ta ei større rolle over tid.
Vi tilbyr
Hos oss får du
- påverke løysingane -- ikkje berre produsere etter bestilling
- arbeide tett med fleire fag i same rådgivarmiljø
- vere med gjennom fleire fasar av prosjektet
- korte vegar mellom fagfolk og avgjerder
- høve til å utvikle deg fagleg og ta meir ansvar
- ein arbeidskvardag med tillit, fleksibilitet og dyktige kollegaer
Nordplan er eit tverrfagleg, ansatteigd rådgivarselskap. Vi har fagmiljø innan mellom anna arkitektur, bygg, energi, brann, plan, prosjektleiing og teknisk rådgiving, og jobbar med prosjekt for både offentlege og private kundar.
Similar jobs
-
Over-/senioringeniør – Linux og HPC (High Performance Computing)
NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Trondheim, NO
Yesterday -
Ønsker du å jobbe med drift og vedlikehold av Bane NORs anlegg?
Bane NOR SF, Stor-Elvdal, NO
Yesterday -
Over-/senioringeniør – Windows infrastruktur
NTNU - Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet, Trondheim, NO
Yesterday -
Er du helsesykepleier og har lyst på nye og spennende utfordringer i arbeid for barn og unge
Barne- og familietjenesten i Fyllingsdalen og Laksevåg, Bergen kommune, Bergen, NO
Yesterday -
Bli med og bygg fremtidens regnskapsbyrå for holdingselskaper! Holdingservice søker regnskapsfører (Søk uten CV og søknadsbrev)
Ansettr, Oslo, NO
Yesterday