Lærarar
Strand kommune Nordre Strand skole
- Location
- Strand, NO
- Workplace
- On-site
- Job type
- Contract
- Posted
- 6 days ago
- Source
- Arbeidsplassen (NAV)
Nordre Strand skule søker lærarar til følgande ledige vikariat:
- 75% stilling frå 12.01.27 – 30.06.27
- 100% stilling frå 22.02.27 – 30.06.27 med høve for forlenging.
Skriv dersom du søker på ett av vikariata.
Nordre Strand skule er ein del av Nordre Strand Oppvekstsenter, og ligg på Fiskå. Det er 81 elevar på skulen, og me er 14 tilsette. Skulen ligg i flotte naturomgjevnader, og me brukar dei aktivt i undervisninga. Vår visjon er «Me lærer best saman!». Ut frå denne visjonen har me utforma tre målsetjingar:
- «Me»: Sjå kvar enkelt og skape ein trygg og inkluderande fellesskap for alle.
- «Lærer best»: Ruste alle for å meistre livet, og skape engasjerte, livsglade, lærevillige, uthaldande og robuste menneske.
- «Saman»: Lære av og med kvarandre, og aktivt bruke natur og næringsliv som læringsarena.
Særskilte satsingar er uteskule, leik, lese- og skriveopplæring, tydeleg klasseleiing og å øve opp elevane si evne til konsentrasjon og uthald i det faglege arbeidet.
Me søker lærarar med relevant og godkjent lærarutdanning for mellomtrinnet, då vikariata hovudsakleg er knytt til undervisning på 5.-7. trinn.
Me søker lærarar som med engasjement og positivitet kan bli ein del av fellesskapen vår og bidra i arbeidet med både målsetjingar og satsingar. På NSO har me ein profesjonsfellesskap prega av samarbeid, praksisdeling, erfaringsutveksling og felles drøftingar om pedagogikk, didaktikk og metodikk. Me søker lærarar som kan vere ein naturleg del av ein slik samarbeidskultur.
Link til søknadsskjema: Søk her
Similar jobs
-
Miljøterapeuter og barne og ungdomsarbeider
Dysjaland skule, Sola kommune, Sola, NO
4 days ago -
Tilkallingsvikarar undervisning
Møre og Romsdal fylkeskommune, Ulstein vgs, Ulstein, NO
5 days ago -
Lærarvikar 2026-27 - inntil 100% stilling
Åheim skule, Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst, Vanylven, NO
5 days ago -
Tilkallingsvikar - lærar og assistent/SFO ved Tresfjord EnSpire skule
Tresfjord Enspire Skule, Vestnes, NO
5 days ago -
Lærar ved Farnes skule
Årdal kommune Skule, Årdal, NO
6 days ago