Lavora.

Back to search

Matros Leirvåg-Sløvåg

Fjord1 - Maritim Drift

Location
Austrheim, NO
Workplace
On-site
Job type
Full-time
Posted
2 weeks ago
Source
Arbeidsplassen (NAV)

Vi søker etter ein matros til vår elektriske ferje MF Storfjord, som trafikkerer sambandet Leirvåg - Sløvåg.

På dette sambandet jobbar ein døgnskift – du er om bord 1 døgn og har fri 1 døgn i ein periode på 3 veker. Deretter har du 3 veker samanhengande fri. I samband med skiftordninga bør ein bu innanfor rimeleg reiseveg til Leirvåg eller Sløvåg då rederiet ikkje har bofasilitetar det døgnet ein har fri.

Som matros blir du ein del av eit dyktig team som sørgjer for trygg og effektiv drift. Du handterer lasting og lossing på ein sikker måte, held utkikk og bidreg til vedlikehald som sikrar at alt fungerer som det skal. Hos oss får du ein variert kvardag saman med gode kollegaer.

Kun 1 time å kjøre fra Bergen til Leirvåg!

Vi vurderer kandidatar fortløpande.

Arbeidsoppgåver

Utfør arbeidsoppgåvene i tråd med stillingsinstruksen.

  • Billettering, bruvakt og forefallande arbeid om bord
  • Alterneringsplikt mellom dekk og maskin
  • Arbeidsoppgåver som vert pålagt av næraste overordna
  • Oppgåver knytt til alarminstruks
  • Verne- og miljøarbeid
  • Kundehandsaming

Kvalifikasjonar

  • Ferdighetsertifikat eller nok fartstid til å mønstre matros
  • Ferdigheitssertifikat grunnleggande sikkerheitsopplæring
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper muntleg og skriftleg

Rederiet dekkjer kurs i krise- og passasjerhandtering for den som er aktuell for stillinga.

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter ein påliteleg og løysingsorientert matros som trivst med samarbeid, men som òg kan ta ansvar og jobbe sjølvstendig når situasjonen krev det. Du set alltid sikkerheit og service først, har evna til å tenkje raskt og finne gode løysingar, og viser vilje til å lære og stå på når det trengst.

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk sjømannsforbund.
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar.
  • Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
  • Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Skiftordning: Døgnskift, 3 veker på og 3 veker av, byttedag mandag.
  • Reise er ikke dekket.

Kontaktinformasjon

Benedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no

Arbeidssted

Fv57

5953 Fonnes

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift

Referansenr.: 5191877900

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.10.2026

Similar jobs