Sjukepleiarstilling ved Såta bu- og servicesenter - 100%
Alver kommune
- Location
- Alver, NO
- Workplace
- On-site
- Job type
- Full-time
- Posted
- 6 days ago
- Source
- Arbeidsplassen (NAV)
Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter
Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som nettopp har utvida med 13 plassar? Då søkar vi etter deg! Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling. Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg som en prøve. Vi har årsturnus.
Hos oss jobbar det også helsefagarbeidarar og pleieassistentar.
Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning.
Om Såta bu- og servicesenter
I september 2026 utvida Såta bu- og servicesenter med 13 somatiske plassar, i tillegg til dei 12 plassane for personar med demenssjukdom som vi allerede har. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.
Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar
- Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane
- Utføring og oppfølging av til dømes:
- legemiddelhandsaming
- ADL
- sårstell
- ernæring og væskebehandling
- lindrande behandling
- blodprøvetaking
- Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak
- Veileding av kollegaer og studentar
- Samarbeid med pårøyrande
- Tverrfagleg samarbeid
- Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar
Kompetansekrav
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test
Kven er du?
Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg, klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig.
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid i nyoppstarta avdeling
- Årsturnus
- Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Similar jobs
-
Helsefagarbeidere - 100 % fast og 100 % vikariat, Myrvang aktivitetssenter
Aurskog-Høland kommune Avlastning, Aurskog-Høland, NO
Today -
Er du sykepleier og ønsker deg spennende oppgaver ved vår nye avlastningsenhet?
Mestringshuset, Lørenskog kommune, Lørenskog, NO
Today -
Er du helsefagarbeider eller pleiemedhjelper og ønsker å jobbe ved ulike avdelinger i OUS? Personalformidling søker flere ekstravakter
Oslo sykehusservice, Administrative fellesfunksjoner, Personalforvaltning, Personalformidling Ekstravakt, Oslo universitetssykehus HF, Oslo, NO
Today -
Brannkonstabel ved Brønnøy brann- og redningsvesen stasjon Velfjord
Brønnøy kommune, Brønnøy, NO
Today -
Samarbeidsområde Nord, bestående av menighetene i Ålesund, Trondheim og Tromsø, søker en administrasjonsleder i fast 100% stilling
Døvekirkenes Fellesråd, Trondheim, NO
3 days ago