Lavora.

Tillbaka till sökningen

Eikehaugen barnehage har ledig 65 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 1. desember 2026.

Strand kommune Eikehaugen barnehage

Ort
Strand, NO
Arbetsplats
På plats
Anställningsform
Deltid
Publicerat
I dag
Källa
Arbeidsplassen (NAV)

Eikehaugen barnehage er ein del av Nordre Strand oppvekstsenter og ligg flott til på Fiskå i Strand kommune. Me er ein tre-avdelings barnehage med eit engasjert personale som arbeider for å skapa ein trygg, inkluderande og inspirerande kvardag for alle barn.

Me søkjer ein pedagogisk leiar som ønskjer å vera med og vidareutvikla eit fagleg sterkt og framtidsretta barnehagemiljø, der leik, relasjonar og læring står i sentrum.

Arbeidsoppgåver:

  • Leia det pedagogiske arbeidet i tråd med barnehagen sine planar og rammeverk.
  • Sikre eitt inkluderande , trygt og stimulerande læringsmiljø
  • Rettleia, motivera og støtta medarbeidarar i det daglege arbeidet
  • Samarbeida tett med foreldre og kollegaer
  • Bidra aktivt i utviklingsarbeid i barnehagen

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
  • Gode norskkunnskapar
  • Gode samarbeidsevner og trygg i leiarrolla

Me søker deg som er:

  • Ansvarsbevisst og trygg i rolla som leiar
  • Positiv, engasjert og løysingsorientert
  • Skapar gode relasjonar og eit inkluderande miljø
  • Har eitt sterkt engasjement for barn sin leik, utvikling og trivsel

Gyldig politiattest må leverast før oppstart.

Link til søknadsskjema: Søk her

Liknande jobb