Eikehaugen barnehage har ledig 65 % fast stilling som pedagogisk leiar frå 1. desember 2026.
Strand kommune Eikehaugen barnehage
- Location
- Strand, NO
- Workplace
- On-site
- Job type
- Part-time
- Posted
- Today
- Source
- Arbeidsplassen (NAV)
Eikehaugen barnehage er ein del av Nordre Strand oppvekstsenter og ligg flott til på Fiskå i Strand kommune. Me er ein tre-avdelings barnehage med eit engasjert personale som arbeider for å skapa ein trygg, inkluderande og inspirerande kvardag for alle barn.
Me søkjer ein pedagogisk leiar som ønskjer å vera med og vidareutvikla eit fagleg sterkt og framtidsretta barnehagemiljø, der leik, relasjonar og læring står i sentrum.
Arbeidsoppgåver:
- Leia det pedagogiske arbeidet i tråd med barnehagen sine planar og rammeverk.
- Sikre eitt inkluderande , trygt og stimulerande læringsmiljø
- Rettleia, motivera og støtta medarbeidarar i det daglege arbeidet
- Samarbeida tett med foreldre og kollegaer
- Bidra aktivt i utviklingsarbeid i barnehagen
Kvalifikasjonar:
- Utdanning som barnehagelærar/førskulelærar
- Gode norskkunnskapar
- Gode samarbeidsevner og trygg i leiarrolla
Me søker deg som er:
- Ansvarsbevisst og trygg i rolla som leiar
- Positiv, engasjert og løysingsorientert
- Skapar gode relasjonar og eit inkluderande miljø
- Har eitt sterkt engasjement for barn sin leik, utvikling og trivsel
Gyldig politiattest må leverast før oppstart.
Link til søknadsskjema: Søk her