Lavora.

Back to search

Sjukepleiar/vernepleiar 52,11 % fast stilling på natt

Kviteseid omsorgsenter, Kviteseid kommune

Location
Kviteseid, NO
Workplace
On-site
Job type
Part-time
Posted
1 week ago
Source
Arbeidsplassen (NAV)

Vil du vere den faglege tryggleiken gjennom natta?

Ved Kviteseid omsorgssenter er det ledig 52,11 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar på natt, frå d.d.

Me søkjer deg som trivst med sjølvstendig arbeid, som er trygg i faglege vurderingar og som ønskjer å gjere ein forskjell for pasientane våre gjennom heile døgnet. Som nattevakt vil du ha ei sentral rolle i å sikre kvalitet, pasienttryggleik og god oppfølging for bebuarane våre.

Om arbeidsplassen :

  • Kviteseid omsorgssenter er ein sjukeheim med 32 plassar fordelt på fire avdelingar, inkludert nyetablert korttidsavdeling.
  • Pasientgruppa er samansett og omfattar mellom anna personar med demenssjukdom, kroniske sjukdomar, rehabiliteringsbehov og behov for lindrande behandling.
  • Som sjukepleiar/vernepleiar på natt har du ansvar på tvers av alle avdelingane og samarbeider tett med øvrig nattevakt for å sikre trygg og fagleg forsvarleg drift gjennom natta.
  • Stillinga inngår i årsturnus med arbeid kvar tredje helg.

Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleie- og miljøterapeutisk oppfølging av pasientar på natt
  • Kliniske observasjonar, vurderingar og dokumentasjon
  • Oppfølging av pasientar med samansette og akutte helseutfordringar
  • Medikamenthandtering etter gjeldande retningslinjer
  • Oppfølging av pasientar innan demensomsorg, palliasjon, KOLS og diabetes
  • Bidra til ro, tryggleik og omsorg for pasientane gjennom natta
  • Samarbeid med lege, legevakt og andre samarbeidspartnarar ved behov
  • Rettleiing og fagleg støtte til øvrige medarbeidarar på vakt
  • Delta i kvalitets- og forbetringsarbeid
  • Sikre god informasjonsflyt mellom natt- og dagpersonellKvalifikasjonar
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse
  • Interesse for fagutvikling og kvalitetsarbeid

Det er ønskjeleg med erfaring frå:

  • Sjukeheim eller kommunehelsetenesta
  • Demensomsorg
  • Korttids- og rehabiliteringsavdeling
  • Palliasjon
  • KOLS- og diabetesoppfølging

Personlege eigenskapar

Me ser etter deg som:

  • Er fagleg trygg og sjølvstendig
  • Har gode observasjons- og vurderingsevner
  • Er roleg og handlingsdyktig i utfordrande situasjonar
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er strukturert og løysingsorientert
  • Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
  • Møter pasientar, pårørande og kollegaer med respekt og omsorg

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Fast nattstilling i 52,11 %
  • Årsturnus
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Faglege utfordringar på tvers av fire avdelingar, samt samarbeid med heimetenestene
  • Moglegheit til å utvikle kompetanse
  • Intern og ekstern undervisning
  • Fokus på simulering, øving og ferdigheitstrening
  • Moglegheit for støtte til relevant vidareutdanning
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer, godt samhald og mykje humorKontaktinformasjon

Helene Stensrud Flatland, Einingsleiar Kviteseid omsorgsenter, +47 90 21 37 57, helene.stensrud@kviteseid.kommune.no

Arbeidsstad

Lundenvegen 30

3850 Kviteseid

Nøkkelinformasjon:

  • Arbeidsgivar: Kviteseid kommune

Referansenr.: 5195144929

Stillingsprosent: 52,11%

Fast

Søknadsfrist: 06.11.2026

Similar jobs